søndag 30. juli 2017

Plantar Fascitt

Bilderesultat for plantar fasciitis såle
Legg til bildetekst



Kva er Plantar Fascitt?

Den medisinske forklaringa er ein ting, men mi forklaring er at det er noko som gjer grassat vondt under foten. Det kjennes som å trø på ein spiss stein kvar gong ein tråkker på foten, og det gjer ekstra vondt om morgonen.



Her står ei grei forklaring på kva det er: Helsebiblioteket: Plantar Fascitt

Sitat frå denne sida: "
Hva er plantar fasciitt?
Hælsmerter kan ha mange årsaker. Denne informasjonen handler om smerter på undersiden av eller fortil på hælen, kjent som plantar fasciitt.
Plantarfascien er bindevev som strekker seg fra hælputen til tåballene. En fettpute i hælen, over dette bindevevet, bidrar til å dempe trykket når du går.
Personer over 40 år får oftere hælsmerter enn barn og unge voksne, men årsaken er usikker. Mulige forklaringer kan være at bindevevet ikke strekker seg like godt etter hvert som folk blir eldre. Fettputen på hælen kan bli tynnere og absorberer ikke så mye av trykkbelastningen når du går.  

Symptomer

Hælsmerten kan føles som skarpe knivstikk på undersiden av foten. Den er ofte verst når du står opp av sengen om morgenen og når du reiser deg etter at du har sittet en stund. Etterhvert kan smerten kjennes mer som dump verking.
Sårheten og ømheten kjennes vanligvis bare under foten. Du kjenner ikke smerter på baksiden av hælen. Den brer seg ofte fra midt under hælen og langs fotsålen. Innsiden av fotbuen kan også verke.
Hælsmertene kan i intensitet spenne fra irriterende verk du merker når du reiser deg, til smerter som er så ille at du ikke kan gå."

Jepp, personar over 40 får det oftare enn barn og unge voksne. Eit alderdomsteikn, altså. Det lova jo bra. Og eg som akkurat hadde byrja å like å jogge!!
I starten trudde eg at det holdt å halde meg i ro, og så ville det gå over etter eit par veker. Eg var til og med litt kry over at EG hadde fått ei idrettsskade!
Det gjekk fort over. Stoltheten, altså.
Bilderesultat for plantar fasciitis såleDå eg skjøna at dette ikkje ville gi seg med det første, heiv eg meg rundt og googla. "How to get rid of plantar fasciitis"
Og eg fekk mange treff! Sjølv topptrente idrettsfolk kan få denne betennelsen! Og det er MANGE der ute som slit med dette! På ulike fora fann eg folk som har hatt dette i årevis utan å bli god!
Eg sverga på at det skulle ikkje bli meg! Eg skulle og ville bli god igjen!
Difor handla eg meg Strassbourg sokken. Eg leste at nokre bruker ein slags slalåmstøvel om natta, eller iallefall noko som ser ut som ein slalåmstøvel. Og så var det kome noko nytt. Strassbourgsokken.

Det er, som du ser på biletet ein sexy sokk som skal tas på før ein sovner om kvelden, og så skal den vær på heile natta. Ein skal sove med den kvar natt til smertene forsvinner.
Hypermobil med plantar fasciitt.
Dersom du, som meg, er hypermobil i ledda, vil du kjenne nada effekt om denne strammes på maks utan å fikse på sjølve sokken. Eg måtte kutte til borrelåsen ganske mykje, og så la eg dessuten såle og papp inni sokken for å stive den av litt. Det funka betre for meg då.
Eg bestilte den største dei hadde, for eg er tjukk rundt leggen, og måtte stramme ganske godt for at den ikkje skulle gli nedover og miste effekt.
Alle strekkeøvelsar måtte maksimeras, alle uttøyingar måtte overdrivas, for det holdt ikkje å gjere slik andre gjorde. 
Massasje
Kvar morgon utførte eg øvelsane på desse videoane. Strekkeøvelsane gjorde eg dessutan fleire gonger om dagen.


Eg gjer framleis somme av desse øvelsane den dag i dag.

Innleggsålar
På apoteket fekk eg tak i hælbeskytterar, og dei funka greit ei stund.
Eg kjøpte meg dessuten tre par innleggssålar og kutta ut høge hælar. 
Kinesiologitape
Eg såg også fleire nettsider som viste korleis ein skulle bruke kinesiologitape for å teipe foten og lindre smertene. Eg valgte metoden på biletet til høgre.
Rimeleg kinesiologitape fekk eg kjøpt på Biltema, forresten. Den funka like fint som den dyre eg kjøpte på nett.

I sommar då eg skulle bli med niesa mi i Dyreparken, teipa eg foten som forebygging i tillegg til å putte sålane tilbake i skoa.

Tida gjekk, og eg trur det var ein kombinasjon av nattestrømpe, innleggssålar, massasje, strekking og teiping som gjorde susen. For då det hadde gått nesten nøyaktig eitt år sidan eg måtte gi opp jogginga, kjente eg ingen smerte lenger.
Eg testa ut litt i starten med å gå lenger og lenger turar med hunden, og røyne foten meir enn eg hadde våga tidligare, og framleis ingen smerter.

Eg våga likevel ikkje å gjenoppta jogginga. Det var dessuten ikkje bare motet som mangla, men motivasjonen. Eg visste eg måtte starte heilt frå starten og ta det sakte denne gong, og det frista lite.
Eg var dessuten midt i eksamensperioden til 2. semester, og hadde med det fleire unnskyldningar til å utsette starten.
Då siste eksamen var over, bestemte eg meg for at eg ville tilbake dit kor eg syns det var kjekt å jogge, kjekt å kjenne blodsmaken i munnen, kjekt å vite at i dag, i dag hadde eg jogga i fem kilometer i strekk utan å stoppe!! Eg ville tilbake dit, og nå var jo foten god igjen.

Det er i skrivande stund snart to månadar sidan eg gjenopptok jogginga. Og eg har ikkje kjent vondt endå, sjølv om eg har hatt raskare framgong enn planlagt! Det kjennes heilt fantastisk!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar